Ny tale – Ideologi og Teologi.

Fra Misarepta.no/index.html
Av Johannes Kleppa.

«Nytalen har omskapt folks tenking på dette området. Det har store ideologiske konsekvensar, som det også har teologiske fylgjer....." 

Georg Orwell utgav i 1948 romanen «1984». Dei to siste tala i årstalet for utgjevinga er altså bytta om, og slik fungerte romanen som ein framtidsvisjon, ein slags profeti om, korleis samfunnet ville sjå ut ein generasjon seinare.

Det er nok ikkje alt i romanen, som har slått til, men det, Orwell skriv om «nytale», har vorte reelt i langt større grad, enn ein skulle ha trudd. «Nytale» er, at ein brukar gamle ord med eit nytt innhald, særleg på det ideologiske planet. På den måten får ein folk til å tenkja nye tankar med gamle ord. Eit nytt tankeinnhald glid umerkande inn, fordi ein har eit positivt forhold til orda.

Slik sett er ikkje hovudsaka sjølve «nytalen», men «nytenkinga» og «nyhaldninga» denne fører med seg. Eg vil gje to døme på dette, eitt på teologiens og eitt på ideologiens området.

Ekteskapet har gjennom alle tider og i alle kulturar vorte forstått om ein mann og ei kvinne, der barna har ein sentral plass. Det svarar til forståinga av familien. Ekteskapet har lagt til rett for, at barn kunne fødast og få gode livskår i ein familie.

Over få år no har ein omdefinert ordet «ekteskap» til å vera uavhengig av kjønn og med det uavhengig av, at barn skal fødast og få veksa opp i ein familie med far og mor. Dette har skjedd utan noko direkte nydefinering av ordet, men ved aksepten av homoseksuelt samliv og ei «ekteskapslov», som er likekjønna.

Nytalen har omskapt folks tenking på dette området. Det har store ideologiske konsekvensar, som det også har teologiske fylgjer. I Kristen samanheng har vi alltid på ulike måtar lagt vekt på erfaringa, og vi har ei teologisk retning, som vert kalla «erfaringsteologi». Då har vi tenkt på den erfaringa, vi gjer i møtet med Guds Ord og i livet med Gud totalt sett.

Erfaringa på dette planet har også delvis hatt innverknad på tolkinga av Guds Ord, og på korleis vi forklarer ulike sider ved Kristenlivet. Derimot har ikkje erfaringa vore grunnlag for å danna lære. Tvert imot har det vorte understreka, at det er «Skrifta åleine», som er lærenorma.

No har ein omdefinert erfaringa Kristent sett til også å omfatta den allmennmenneskelege erfaringa generelt, slik at ein gjev denne openberringskarakter. Då vert erfaringa premissleverandør for læra. Denne teologiske nytalen har store læremessige konsekvensar, ikkje minst for forsvaret av likekjønna samliv.